Professor og seniorforsker Reidar Almås gjesta Kystmuséet på Hitra, 29. september 2018, med et interessant og analytisk foredrag om Hitra-aksjonen i 1975. Hva skjedde og hva kom det ut av aksjonen i etterkant? Almås deltok sjøl aktivt i hendelsene i kjølvatnet av aksjonen, og han presiserte under foredraget at han nå i oppsummeringa, 44 år seinere, hadde flere hatter når han skulle evaluere og presentere. 50-60 personer møtte fram for å høre Reidar Almås.
I foredraget sa Reidar Almås mellom anna:
Det var som kjent på meieriårsmøtet på Hitra den 25. april 1975 at Sverre Hansen reiste seg og tok til orde for skattestreik. Eg ser han for meg; ein arbeidssliten mann med snille auger og furete ansikt sto opp, luta seg litt framover og snakka med ein inderleg, nesten bibelsk patos om det dei alle kjente på. Dersom dette held fram, er det snart ute med jordbruket, ikkje berre på Hitra og Frøya, men i heile kongeriket. Derfor måtte skatten inn på sperra konto for å få politikarane og staten til å forstå. Sverre Hansen drog frå møtet denne vårkvelden med oppdrag å utforme eit aksjonsbrev.
Etter ein diskusjon på meierimøtet om kva krav som måtte reisast, fekk Sverre Hansen full tilslutning til idéen om skattestreik. Han fekk blant andre med seg Leif Eriksen og Arnfinn Aune i ei aksjonsleiing. Kona til Sverre, Hergunn Hansen var sekretær.
Aksjonsbrevet vart avslutta med 8 krav til dei statlege styresmaktene, blant anna om høgare pris på kjøtt og mjølk og betre sosiale ordningar for landbruket. Aksjonsbrevet med 70 underskrifter og trussel om skattestreik vart overlevert Hitra kommune 23. juli.
Sverre Hansen hadde stilt seg i spissen for ei rørsle som skulle bli ”det næraste eit sosialt opprør ein kan koma i etterkrigstida” for å sitere den daverande leiar i landbrukskomiteen i Stortinget, SV-politikar og historikar Berge Furre.
Med god hjelp av Hergunn Hansen, som skreiv litt ”på si” for Romsdalsposten, vart aksjonen kjent og omtalt i lokale og regionale media. Men først da Hitra-aksjonen vart tema i TV-programmet ”På sparket” 30. juli 1975, vart den løfta opp på eit nasjonalt nivå.
Hitra-aksjonen utvikla seg til å bli ein varm potet både for Ap-regjeringa Bratteli og dei to faglege landbruksorganisasjonane, Bondelaget og Småbrukarlaget.
Dei faglege landbruksorganisasjonane var bunde av fredsplikta i avtaleperioden som var slått fast i ”Hovedavtalen for jordbruket” av 1950. Men utover bygdene var sympatien for Hitra-aksjonen stor, og ei lang rekkje lokale bondelag og småbrukarlag gjorde vedtak om støtte til aksjonen. Denne støtta spreidde seg også til det politiske miljøet på Stortinget, slik Per Borten har fortalt meg.
Etter at Hitra-aksjonen formelt vart avslutta under det store bondemøtet på Hitra for dei som støtta aksjonen 11. og 12. oktober, vart aksjonen ført over i parlamentariske kanalar. Nord- og Sør- Trøndelag Bondelag sendte eit felles brev til dei politiske partia på Stortinget om å gje eit bindande løfte om når innteksmålsettinga om jamstilling mellom bønder og industriarbeidarar skulle innfriast.
Resultatet kjenner vi: Andre desember 1975 vedtok Stortinget at bøndene skulle ha same inntekt pr årsverk i løpet av tre avtaleperiodar, det vil seie innan 1982. Opptrappingsvedtaket innleidde ein sosial reformperiode for norsk landbruk, som blant anna ga ei ferie- og fritidsordning som framleis er eineståande i verda. Bruttoproduktet i landbruket vart fordobla frå 1975 til 1978, takka vera større overføringar og auka prisar.
Opptrappinga i landbruket la ved sida av den sterke veksten i kommunesektoren, grunnlaget for ei spreiing av dei nye oljeinntektene til sektorar og sosiale grupper på landsbygda. Opptrappinga førte til ein del tilbakeflytting og sikra busettinga på mange bruk, der mange enda tærer på den bygnings- og maskinkapitalen dei skaffa seg da. Utan opptrappinga ville vi i dag hatt om lag halvparten så mange gardsbruk som vi har.
Hitra-bøndene reiste seg, fekk støtte blant sine eigne og nasjonalt politisk gjennomslag for ei tidfesting av jamstillingskravet. Når det er sagt, må ein legge til at Hitra-aksjonen oppnådde varige resultat fordi organisasjonane og dei politiske partia tok krava om jamstilling inn i nasjonalforsamlinga.
Hitra ble satt ettertrykkelig på norgeskartet i 1975 da Hitra-aksjonen raste. Hergunn og Sverre Hansen fra Tranvikan (i midten) sto sentralt i begivenhetene. Her er det utenbygds presse og studenter som får informasjoner. (Foto: HF-arkivet)
Hitra-aksjonen forandra Noregs-historia. Ved sida av oppdrettseventyret er den det einaste som har skjedd på Hitra på 1900-talet som har gjort nettopp det. Ved sida av kriseforliket mellom Arbeidarpartiet og Bondepartiet i 1935 var Hitra-aksjonen og opptrappinga det største som skjedde bøndene på 1900-talet, sa Almås.
Klikk her for å se presentasjonen som Reidar Almås benyttet under foredraget på Kystmuseet.